Skretting

Madeleine hos Skretting på Averøya

Madeleine er no godt i gong med sin modul hos fiskefôrprodusenten Skretting på Averøya. Hennar traineeløp varer i et år, og ho skal vere heile året hos Skretting. Den første tida har vore spennande og lærerik.

Skretting er verdsleiande produsent av ernæring til havbruksnæringa. Fabrikken på Averøya er ein topp moderne og heilautomatisk fiskefôrfabrikk.

Eg er plassert i salsavdelinga til Skretting, og eg jobbar mykje med prognosearbeid og statistikk i forhold til fôrvolum. Eg hadde litt kunnskap om havbruksnæringa før eg starta hos Skretting, og eg har fått eit breitt spekter av innsikt i praksis i bransjen og viktigheita av havbruksnæringa i Noreg. Eg lærte kva som skal til for å dekkje ernæringsbehovet hos fisk, og korleis Skretting jobbar med ulike kundar. Dei første to vekene var eg plassert i fabrikken for å få verdiful kunnskap om dei faktiske prosessane som skal til for å produsere fiskefôr. Eg har også besøkt hovudkontoret til Skretting Noreg i Stavanger for opplæring i prognosearbeid. På salsavdelinga har det gått slag i slag med mykje læring og ulike arbeidsoppgåver knytt til prognoser og kommunikasjon. I forbindelse med prognosearbeid jobbar eg med prognoseprogrammet til Skretting som heiter Aquasim. Dette arbeidet er interessant og omfattande med mange komponentar. Dette er spennande arbeid som eg er godt i gong med. Prognosane bidreg til avgjersler rundt for eksempel råvareinnkjøp, og planlegging av sal. Eg gleder meg til å halde fram med dette arbeidet, og er klar for nye spennande oppgåver i tida framover.

Skretting prioriterer berekraftig utvikling sterkt. Det å nytte ressursane i havet på ein berekraftig måte ein av føresetnadene for at havbruksnæringa kan halde fram med å vere viktig for Noreg. Eg har stor interesse for berekraftig utvikling, og vi har i det siste jobba med å finne ut om det er noko eg kan bidra med på den fronten i Skretting. Her har eg opplevd svært god dialog og ein vilje frå mine kollegaer til å prøve å nytte mi kompetanse og interesse fult ut.

Eg har også blitt tatt veldig godt imot av mine kollegaer i Skretting. Det er eit godt og nært arbeidsmiljø som er prega av kompetente fagfolk. Eg har fått mogelegheita til å gå rett til ekspertane på fiskefôr dersom eg lurer på noko, og det er veldig verdifult. Eg har lært mykje av mine kollegaer allereie, og eg gleder meg til å framleis lære meir.I KomTrainee lærer vi å ta vare på mogelegheitene vi får, vi lærer oss å takle utfordringar i lag med kvalifiserte mentorer som gir gode råd. Lista over fordelar med å vere trainee er med andre ord lang. KomTrainee og mogelegheitene vi får er både riktig og viktig for mi framtidige karriere.Elles har det vore ei glede å bli kjend med dei andre som er trainee i KomTrainee. Vi er ein god og samansveisa gjeng. Det å ha eit rikt sosialt liv samtidig som at eg får ha kjekke, utfordrande og spennande arbeidsoppgåver er for meg viktig for å trivast. Kombinasjonen av dei to tinga er det som gjer meg glad for å ha søkt meg til Kristiansund, KomTrainee og Skretting.

- Madeleine Hauge Hide
Foto av fabrikken: Skretting/Helene Schjølberg

0