Vær nysgjerrig og open frå starten av!

Trainee Olav Drangeid (28) meiner det er viktig å være nysgjerrig og open for nye oppgaver når man starter som trainee. I dag jobbar han som rådgivar i kompetanse- og næringsavdelinga hos Møre og Romsdal fylkeskommune i Molde.

Kva jobbar du med?

No arbeider eg på tvers av ulike seksjonar. Eg arbeider ein del med det som skal bli ein strategi for kompetanse i fylke, men også med internasjonale prosjekt, prosessleiing og noko med kvalitet i vidaregåande opplæring. I tillegg får eg litt språkoppdrag her og der, noko eg elskar!

Beste med trainee-jobben?

Det beste med å vere trainee er å kunne hoppe litt fram og tilbake mellom arbeidsoppgåver. Eg slepp å gro fast i ein gitt stilling med faste årshjul, og blir oppmuntra til å tenke nytt og kaste meg på nye prosjekt etter kvart!

Kva gjer du utenom jobb?

Eg avsluttar nesten alltid arbeidsdagen med ein tur til trimrommet på fylkeshuset eller med ei løpeøkt i lag med løpegruppa eg har oppretta på arbeidsplassen! Elles er eg glad i friluftsliv, matlaging, lesing og... gaming!

Tips til dei som søker nye utfordringar eller er nysgjerrig på Kom Trainee?

Tipset mitt er å ikkje vere redd for å ta på seg ansvar og prøve ut nye fagområde eller prosjekt! Det er morosamt kor raskt det går å sette seg inn i det som er nytt, om ein bare er nysjerrig og open frå starten av!

0